22-åringen frå Stord har på kort tid blitt eit av dei største stjerneskota innan norsk country, med låtar som Heim te ståvo, Eli og Ingen her e deg.
På dagtid vært det ein nær og akustisk U18-konsert, før han på kvelden står på scena med fullt band!
ODD NORDSTOGA
Odd Nordstoga er ein av dei mest folkekjære artistane me har i Noreg. Med varme, glimt i auga og låtar som Kveldssong for deg og meg, Frøken Franzen og Heim te mor har han sunge seg inn i hjarta til folk over heile landet!
ELDAR VÅGAN
Ein ekte entertainer – kjent frå Vazelina Bilopphøggers og elska for sin humor, energi og speleglede! Han byr alltid på gode historier, fengande låtar og mykje latter – eit show med Eldar er garantert god stemning frå start til slutt
INGEBJØRG BRATLAND
Ingebjørg Bratland trollbind publikum med si varme og vakre stemme! Ein artist med nærleik, ro og formidlingsevne av dei sjeldne!
3 BUSSERULLS
Med sine folkelege songar, skråblikk på kvardagen og fengande humor har dei i fleire tiår vore ein publikumsfavoritt. Klassikarar som Kjerringa mi kan ikkje spela trekkspell og Eg heite Finn Egil får fram både allsang og smil, og live byr dei på rein underhaldning frå start til slutt
CREEDENCE FOREVER
Tribute-bandet serverer dei udøyelege klassikarane frå Creedence Clearwater Revival akkurat slik dei skal låtast – med kraft, trøkk og speleglede. Forvent hits på rekke og rad, dansestemning og ekte rock’n’roll-energi frå første akkord til siste tone!
HELGE NYHEIM
Helge Nyheim er godt kjent for mange som trommeslagar i husbandet – men denne gongen står han sjølv i front som soloartist! Helge er ein dyktig musikar med lang fartstid! Det blir stort å sjå han ta steget fram frå trommene og inn i rampelyset på Vintertreffet 2026!
FRIDA AMUNDSEN
Vår eigen vaksdøling – med ei stemme som verkeleg treffer! Ho slo gjennom som tenåring med låtar som Closer og October, og har sidan sjarmert publikum. Frida syng med både kraft og kjensle – og det er alltid noko heilt spesielt når ho står på scena heime på Vaksdal!